Search

Shopping cart

Saved articles

You have not yet added any article to your bookmarks!

Browse articles
Newsletter image

Subscribe to the Newsletter

Join 10k+ people to get notified about new posts, news and tips.

Do not worry we don't spam!

GDPR Compliance

We use cookies to ensure you get the best experience on our website. By continuing to use our site, you accept our use of cookies, Privacy Policy, and Terms of Service.

Då Ivan Iljitsj døydde

Då Ivan Iljitsj døydde

Lev Tolstoj er ein bauta i russisk litteratur, og forfattaren har dessutanpåverka moderne litteratur verda over. Anton Tsjekhov, James Joyce, Virginia Woolf, Marcel Proust, William Faulkner – alle desse hylla han som ein av dei fremste forfattarane gjennom tidene.
Då Ivan Iljitsjdøydde (1886) er ei lita perle av ei bok, som ofte har drukna i merksemda rundt dei store romanane Tolstoj er kjend for. Men denne langnovella er noko av det mest personlege han skreiv. Den nådelause skildringa av det uekte, overflatiske livet som Ivan Iljitsj har levd, verkar moderne – nesten samtidig. Utanhøflege omsyn til lesaren, viser Tolstoj fram sjukdommen og døden i all si gru. Korleis leve eit meiningsfullt liv med den meiningslause døden som det einaste heilt sikre? Spørsmålet er like essensielt snart halvtanna hundreår seinare.
Lev Nikolajevitsj Tolstoj (1828–1910) blei fødd inn einvelståande aristokratisk familie. Han begynte å skrive under militærtenesta og blei raskt ein folkekjær forfattar i heimlandet.
Sjølv om han var adeleg, var han oppteken av bøndene sine levekår og var eintydelegreformtilhengar og seinare også anarkist. Som tidleg pasifist skulle han kome til å påverke sentrale personar i verdshistoria som Mahatma Gandhi og Martin Luther King.

Comments